Måndag 22. februar er ein dag vi seint kjem til å gløyma!
Det var ein heilt vanleg dag fram til mamma ringde om kvelden, og fortalde at storebror min, Frode, var omkommen i ei bilulukke. Han var på vei heim i ei gravferd, men han kom aldrig heilt fram.
Det har vært nokre tøffe dagar for familien.
Det er som ein vond draum, du ventar på å vakne frå. For ein trur eigentleg ikkje at dette kan ha hendt. Men det har verkeleg hendt, og no nærmar det seg ei ny gravferd. Denne gangen er det Frode som her ”hovudpersonen”.
Dersom du vil fylgja Frode til grava, er det altså torsdag 4. mars kl.11.00. Nysæter kyrkje finn du her.
Takk!
Vil nytte høve til å takke alle som har sendt sms, helsinga på facebook, e-post og blomster osv. Det har vært godt for familien å merke at det er mange som tenkjer på oss! Og det vil vi nok ha behov for fram etter også…
Gi ei gåve…
Som du ser i annonsa ønskjer vi ei gåve til www.OmGud.net, i staden for blomar..
I tilfelle kan du nytte kontonr :
8220 02 80632.
I tilfelle kan du nytte kontonr :
8220 02 80632.
heisann!
fikk det med meg på facebook… kjempe trist å høre…
vi tenker på dere, all kondolanse til deg og familien fra meg, mamma og pappa…
Esther
Ber for dere – tungt! Takk for det du la ut her, Kjetil!
«Through it all. Through it all. I’ve learned to trust in Jesus. I’ve learned to trust in God.
Through it all. Through it all. I’ve learned to depend on His word.»
Ber fortsatt om at Gud må bære dere! Klem!
Hoff, tenker på deg og familien. Ber for dere!